Ida og Sverre har lengje drøymt om eit småbruk på landet. Etter å ha vore på visning i 20 minutt slo dei til.
Realitetane begynner å gå opp for familien. Huset er så dårleg at dei må rive det. Samtidig tenkjer dei på framtidige inntekter og byggjer drivhus.
Viss familien skal kunne livnære seg av å dyrke økologiske grønsaker, må dei ordne jorda. Men Ida fryktar at kvaliteten på matjorda er for dårleg.
I løpet av sommaren har det eksplodert med vekstar i drivhuset, men Ida oppdagar at mesteparten er ugras.
Prøveavlinga til Ida og Sverre er klar for innhausting. Familien inviterer til open dag og sitt fyrste gardsutsal.
Familien håper å flytte inn til jul, men blir huset klart i tide? Sverre ønsker seg gravemaskin. Ida ønsker seg hest.
Våren kjem til garden til Ida og Sverre. I år startar dei å selje grønsaker, men utfordringa er å få ein lang nok sesong. Kan egg gje ekstra inntekt?
Sverre er enno ikkje ferdig med hønsehuset og no hastar det. Grønsakene i drivhuset må straks i åkeren. Ida fryktar at tomatplantene har fått bladlus.
Ida har selt 25 abonnement på grønsakskasser. Om fire veker skal ho levere dei fyrste kassene, men våren har vore kald. Grønsakene er bitte små.
Hønsegarden viser seg å ikkje vere heilt fluktsikker, så hønene klarer å stikke av. Hunden Simba tar opp jakta. Vera og Olivia måler skilt til åkeren.
Når Ida og ungane drar på feire, blir Sverre igjen for å passe grønsakene. Da går det opp for han kor mykje arbeid Ida gjer til vanleg.
Det er krise i kålåkeren. Mange av grønsakene er overmodne. Samstundes er Sverre endeleg ferdig med bassenget, og familien kan ta sitt fyrste bad.
Graskara har blitt gigantiske! Men likevel har ikkje Ida og Sverre tent nok denne sesongen. No må dei diskutere korleis neste år skal bli.
Eit travelt år er på hell for Ida og Sverre. Snart senkar julefreden seg over garden. Men fyrst drar familien på tur for å sanke kristtorn.
Eit travelt år er på hell for Ida og Sverre. Snart senkar julefreden seg over garden. Men fyrst drar familien på tur for å sanke kristtorn.
Hønsehauken har tatt for seg i hønsegarden. Sverre bygger garasje og har klart å skjule ei hemmeleg romantisk overrasking.
Det er nok å ta tak i på garden. Eit gjerde skal halde sniglane unna, urtene skal få sitt eige bed og grisane sitt eige hus. Og i åkeren er det tørke.
Det kjem to grisar til garden som aldri har vore ute. Det er tidleg vår, og Ida har lova å levere grønsaker til ein festmiddag der kronprinsen deltar.
Grisane veks og krev mykje mat. Sverre har bestilt utstyr, for snart får han bier. Det går opp for Ida kor mykje jobb det er med honningproduksjon.
Vera har jobb hos naboen med å mate eit lam med flaske. Men kor har lammet vorte av? Sverre gjer i stand bikubane. Vil biene trivast og lage honning?
Biene må få mat for at bikubane skal bli sterke og få bygd seg opp. Ida og Sverre har kjøpt fleire høner for å auke produksjonen av egg.
Biene trivst godt, og Sverre skal hauste honning for første gong. Dei to grisane har passert hundre kilo – det er tid for slakting.
Endeleg blir det eple til sals. Ida tar fram ei gammal presse for å lage juice. Å lage honning er ein lang prosess, og igjen må Sverre lære noko nytt.