- Eg vil bruke hendene mine til noko anna enn å flytte papir, sa stavangerguten Kjell Michelsen til seg sjølv. Så vende han kontoret og bylivet ryggen, flytte til Trodla-Tysdal, skifte namn og kalla seg Kjell Tysdal, og vart sauebonde og turistvert. Kona lét seg overtale til å bli med, dei fekk to jenter, og alle finn seg vel til rettes. Oddgeir Bruaset har besøkt familien som lever på den mest avsidesliggjande garden som framleis er i drift i Rogaland.