Folket i Skjerdal i Nordfjord er veglause, men lever likevel eit aktivt liv. Utanom vanleg gardsdrift har dei ala opp travhestar og starta setjefiskanlegg, dei driv hjortejakt i stor stil, og no byggjer dei kraftverk. Men dramatisk kan livet i Skjerdal også vere. Siste året har far og son havarert med mjølkebåten, garden har vore isolert av sjøis, og ein storflaum heldt på å reise med husa.