Ho bur i eit hus i skogen ved Homevassevje, i ein gammal vaktarbustad ved den nedlagde Setesdalsbanen. Ho er kunstmålar, og om sommaren står ho ute og målar i blomstra støvlar og elles ingenting. Var det ikkje for ormen, hadde ho kasta støvlane og. Kirsten Lundsgaardvig er dansk og fargerik. Ho er og katolsk, og har endåtil teke imot den siste oljen. I tillegg lever ho i lag med tretten rallarar. Dei er alle døde, men held henne like fullt med godt selskap.