Arne Bakke Mælen hadde odel på det avsidesliggjande småbruket Mælen i Jondal i Hardanger. Men bøane var bratte, og då han tok over, var husa til nedfalls. I staden for å drive jorda gjorde han tunet om til kunst- og kultursenter, med galleri, festlokale og verkstad. Sjølv er han kunsthandverkar som arbeider med tre, og som skjer imponerande bilete og dreiar makelause bollar.