Til trass for skader og dårleg form er det god stemning når gutane møtast på fyrste samling. Vegen til OL-medalje er lang, men jobben har starta.
Eit tøft høgdeopphold i Italia står for tur. Gjengen bur tett og konfliktar oppstår. I tillegg får Jimmy eit ublidt møte med nylagt asfalt.
Musgrave får plutseleg nok ein hump i oppkøyringa, då han pådreg seg helveteseld. Gutane er også ukonsentrerte før sesongstart på Beitostølen.
Sesongen er i gang med både opning på Beitostølen og verdscupopning i finske Kuusamo. Sesongstarten blir dramatisk for Young som opplev problem.
Turen har kome til sveitsiske Davos og tyske Dresden. Vil gutane klare å snu motgangen eller fortset uhella å kome?
Musgrave visar form i Tour de Ski og det blir dramatisk då ein av gutane avleg ein positiv koronatest. Greier alle gutane å kome seg til OL i tide?
Fire års arbeid er over. Desse dagane i Kina avgjer om draumen er nådd eller om den vert knust.