Det blir eit kappløp mot tida når alle dei kreative skjørta skal syast. Men kva fenger aktivisten? Jordklode, blomster og barn, abstrakt landskap...?
Det er semifinaleveke i Symesterskapet. I dag skal deltakarane lage klassikaren over alle klassikarar i damegarderoben.
Det blir ein semifinale bada i glæm og paljettar! Mykje kan gå gale, men kven er modig nok og lagar det kunden ynskjer seg?
Kven klarar å gje nytt og evig liv til dei lekre kjolane til kunden? Alle sansar må skjerpast, for i dag må to deltakarar reise heim.
Dramaet held fram i Filmparken, etter at 6 deltakarar blei til 4. I dag skal konkurrentane sy eit plagg som blir brukt både dag og natt i filmverda.
Sesongens siste kunde er ingen kven som helst. Det osar av både TV- og filmhistorie når deltakarane møter kunden dei skal sy finaleplagget til.
No skal det hele avgjerast! 3 deltakarar kjemper om å vinne både kunden og halve kongeriket i ein thriller av ei avslutning!