18 menneske omkom då det topp moderne steinlasteskipet Rocknes havarerte i Vatlestraumen nær Bergen. Skipet gjekk på grunn, tok inn vatn og kantra på to minutt. Kva gjorde at det kunne skje så raskt? Var skipet konstruert slik at dette måtte skje, at sjøfolk måtte miste livet? Dette kan skje igjen - også med andre skip. Er regelverket godt nok? Kan sjøfolk og skipsreiarar stola på skipsdesignarane og kontrollverket? Brennpunkt gir deg sanninga bak Rocknes-havariet.