Home / Series / Marit og Dyra / Aired Order /

All Seasons

Season 1

  • S01E01 Bursdag med gips

    • February 3, 2015
    • NRK Super

    Marit bur på ein gard med mange dyr og mykje styr! Nyleg vart ho kasta av hesten, så ho braut armen. Det skjedde rett før seks-årsdagen, som ho har gleda seg til lenge. Marit har mykje ho skal ordne før bursdagsselskapet, men med armen i gips blir det litt av eit strev.

  • S01E02 Dyr som flyttar

    • February 10, 2015
    • NRK Super

    I dag er Marit litt trist for den søte kattungen hennar skal flytte! Ho vil helst ha alle kattungane på garden sjølv, men det får ho ikkje lov til. Andre dyr forsvinn av seg sjølv, som den vesle alpakkababyen som plutseleg døydde. Marit likar ikkje å ta farvel med dyr som ho er glad i.

  • S01E03 Alle dyr, kom ut!

    • February 17, 2015
    • NRK Super

    Det er vår og varmt i lufta. Denne dagen er ein av dei kjekkaste heile året, for i dag skal alle dyra få komme ut av fjøsen. Dyra har stått inne og kjeda seg heile vinteren, så når dei slepp ut er det litt av eit styr! For dyra vil også leike, det trur Marit heilt sikkert.

  • S01E04 Vil ri igjen

    • February 24, 2015
    • NRK Super

    For litt sidan ramla Marit av hesten og braut armen. Etter det har ho vore redd for å ri. I dag har ho bestemt seg, ho vil ri igjen! Men korleis går det? Torer ho å ri åleine slik ho gjorde før?

  • S01E05 Dyrekjærastar

    • March 3, 2015
    • NRK Super

    I dag får grisen Linda besøk av Pelle, som vil bli kjærasten hennar. Men den store hanngrisen Gisle, som bur på garden frå før, vil ha Linda for seg sjølv. Når Pelle kjem, får han skikkeleg grisebank og dyrlegen må komme.

  • S01E06 Lure Frøken Fryd

    • March 10, 2015
    • NRK Super

    Eselet Frøken Fryd har stor mage og er veldig urolig. Alle trur ho snart skal ha baby. Marit og mamma ventar så lenge på eselbabyen at dei sovnar i fjøsen, ute i lag med dei andre dyra. Til slutt lurer Marit på om Frøken Fryd verkeleg har baby i magen, eller om ho lurer dei alle?

  • S01E07 Slaktetid

    • March 17, 2015
    • NRK Super

    Ein dag kvar haust likar ikkje Marit å bu på gard. Den dagen bestemmer dei vaksne at nokre av dyra skal sendast på slakteriet for å bli til mat. Marit vil i alle fall ikkje at kua Marit Sara skal dø og prøver alt ho kan for å få mamma og pappa til å ombestemme seg.

  • S01E08 Haustfest

    • March 24, 2015
    • NRK Super

    Marit gruar seg til middag. Familien skal ha haustfest med kalkun og makrell, men Marit har ikkje lyst å smake. Kalkunen levde på garden før, så den har Marit ikkje tenkt å ete. Og makrell, det vil ho heller ikkje ha. Marit skulle ynskje at ho fekk bestemme kva dei skal ha til middag - då hadde det ikkje blitt kalkun og makrell.