Home / Series / Norsk attraksjon / Aired Order /

All Seasons

Season 1

  • S01E01 Norsk attraksjon 1:8

    • September 15, 2007
    • NRK1

    Programinnhold: - Kva er ein norsk attraksjon? - Norges Pisa, Ofredalstunnelen - Fridtjof den frøkne - Gollis, verdas største nisse - Triumph-ferd - Kunst på jordet

  • S01E02 Norsk attraksjon 2:8

    • NRK1

    Programinnhold: - Graffitifjellet - Jesus på fjellet - Triumph-ferd - Vegen som aldri kom fram - Ting du ikkje skal gjere i bunad - Mitt liv som souvenir - Telemarkskua

  • S01E03 Norsk attraksjon 3:8

    • NRK1

    Programinnhold: - Meteoritten på Nesbyen - Rekordvarme på Nesbyen - Kvar er Nord-Europa? - Triumph-ferd - John Aasen - ein norsk gigant - Basse - ein eksklusivt sport

  • S01E04 Norsk attraksjon 4:8

    • NRK1

    Programinnhold: - Rusling på Ringerike - Valledialekten - Dialekt-duell - Triumph-ferd - Voss water - styla drikkevatn - Tvindefossen - evig liv - The Authentic Vossarull

  • S01E05 Norsk attraksjon 5:8

    • NRK1

    Programinnhold: - Kaninane på Gressholmen - De dødes tjern - Triumph-ferd - Levanger, Slow city - Tunnel-safari

  • S01E06 Norsk attraksjon 6:8

    • NRK1

    Programinnhold: - Paddenes undergang - Tromsø - Nordens Paris - Triumph-ferd - Ballongfararsteinen - Tropp er topp for kropp

  • S01E07 Norsk attraksjon 7:8

    • NRK1

    Programinnhold: - Bauta over banemannen til Karl XII - Dama på grisen - Triumph-ferd - Svenskeantenna - Rosenborg-brakka

  • S01E08 Norsk attraksjon 8:8

    • NRK1

    Programinnhold: - Sjit helvedes kåken - Noregs kortaste fergetur - Triump-ferd - Medaljebygda - Munken i Munkebotn - Våtast i landet

Season 2

  • S02E01 Norsk attraksjon 1:7

    • September 12, 2009
    • NRK1

    Gjennom sju nye program guidar Linda Eide oss til ukjende attraksjonar landet rundt. I dette første programmet dreg ho til telefonkiosken som vart lenka fast med kjettingar og kampesteinar og enda som fast innslag på BBC World. Dessutan badar ho i eit fjellvatn fult av store gullfiskar og reddar ein historisk furustubbe frå sin sikre død. I Stavanger legg Norsk Oljemuseum seg heilt flat og stiller i all hast ut ein forsømt attraksjon.

  • S02E02 Norsk attraksjon 2:7

    • September 19, 2009
    • NRK1

    Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt. Ein butikk der handlevognene lever sitt eige liv og stikk av så fort du snur deg vekk. I byfjella i Bergen ligg ein utruleg ruin frå den gongen Bergen satsa heilhjarta på skihopping! Det gjekk på helsa laus den gongen, og det kan gå på helsa laus den dag i dag. I Holmenkollen ligg eit uvanleg hus og vitnar om ei tid då stjernekikking var det mest populære underhaldingstilbodet i Oslo. Staven som knakk er for lengst ein historisk gjenstand i alle sine bitar, men kva skjedde med staven som ikkje knakk? Veit Oddvar Brå kvar det er blitt av den? Og veit han kva han gir seg ut på når han utfordrar ein tidlegare vossameister til rulleskiduell?

  • S02E03 Norsk attraksjon 3:7

    • September 26, 2009
    • NRK1

    Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt og dreg denne gongen til den eigentlege polarsirkelen. For kvifor er det ingen som sel suvenirar der? I Brumunddal møter ho den ukjende grandiosaheltinna, og saman fyrer dei opp prøvekjøkenet der den historiske pizzaen kom til verda. I Selbu finn vi kremen av norsk strikkeelite og Nord-Europas desidert mest berømte vott. Men kor mange veit at selbuvotten er eit resultat av å kjede seg på setra? Og bli med til bygda som har 250 innbyggjarar og 900 namn, og der ingen stussar over at ein fullvaksen mann går rundt og heiter Pus.

  • S02E04 Norsk attraksjon 4:7

    • October 3, 2009
    • NRK1

    Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt. I dag avslører ho sensasjonelle nyheiter om den norske bindersen. Ei forviklingshistorie av dimensjonar! Dessutan syng ho duett med Oddgeir Bruaset og avsluttar ein gong for alle lokaliseringsdebatten om kor "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" verkeleg ligg. Linda prøver det verdsberømte kunstlaupspranget oppfunne av ein nordmann og finn svar på kvifor folk spyr verda rundt når dei ser bilete av ein bergensar?

  • S02E05 Norsk attraksjon 5:7

    • October 10, 2009
    • NRK1

    Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt. Denne gongen til full prest, tissetrengd programleiar, og i det heile, uvanleg sterke scener i Hol kyrkje. Linda Eide tek og sterke verkemiddel i bruk for å hindre at mann med hatt og jente med hestehale forsvinn frå gatebiletet. Sykkelfantast Eide har berre delvis lukka med seg da ho siklande prøver å leige landets eldste sykkel. Men kvifor står verdas største solsikke på utstilling i ein kommune på Sunnmøre?

  • S02E06 Norsk attraksjon 6:7

    • October 17, 2009
    • NRK1

    Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt. I dag er ho på djupt vatn. Der gjer ho ære på verdas største filmkjendis og får panikk i jakta på Nord-Europas minst besøkte attraksjon. I skogen møter ho eit ektepar på sopptur, som får noko langt meir sensasjonelt i korga. Sensasjonelt er også det som skjuler seg i eit sandtak i Misvær. Ein sensasjon som er ein basar verdt, men har Linda Eide edle motiv?

  • S02E07 Norsk attraksjon 7:7

    • October 24, 2009
    • NRK1

    I siste episoden denne sesongen spring ho tre maraton på eit døgn! Ein kraftprestasjon til ære for idrettsstjerna som Noreg gløymte. Ho vitjar også staden der Raudhette helst ikkje vil stoppa, møter sjølvaste Mor Norge på Jæren og helsar på Else Dordy, Jane Helen og Glen Tony som deler øy med fridomsgudinna, men likevel ikkje bur i USA.

Season 3

  • S03E01 Norsk attraksjon 1:8

    • January 7, 2012
    • NRK1

    Linda Eide er tilbake med ukjende attraksjonar frå heile landet. I Karasjok er det duka for kuldesjokk, men hjelper det med ull på hovudet, når programleiaren knapt har ein tråd på resten av kroppen? Og korleis kunne eitt hus sleppe unna, då heile Ålesund brann i 1904?

  • S03E02 Norsk attraksjon 2:8

    • January 14, 2012
    • NRK1

    Linda Eide jaktar på dei ukjende attraksjonane og finn dei! Verdas mest ignorerte rundkøyring ligg i Horten, og programleiaren må rett og slett kle av seg for å driva trafikkopplæring. Eit uforklarleg lysfenomen svevar over himmelen i Hessdalen, på åttitalet kjent som UFO-bygda. I dag er Hessdalen eit seriøst forskingsobjekt, men kjem lyset som bestilt?

  • S03E03 Norsk attraksjon 3:8

    • January 21, 2012
    • NRK1

    Linda Eide får med seg heile Øyer i eit desperat forsøk på å redda Fakkelmannen. OL symbolet frå 1994 som vart vist verda rundt, er nemleg truga av skogshogst, og ein hjelpe-kassett er siste utveg for å redda attraksjonen. Noregs mest siterte mann dukkar også opp i programmet, utelukkande fordi det er samfunnsvitenskapleg relevant.

  • S03E04 Norsk attraksjon 4:8

    • January 28, 2012
    • NRK1

    Linda Eide mønstrar på og rekonstruerer den villaste overfarten i Atlanterhavets historie. Ferda føregjekk i ein livbåt som vart kalla Brudeegget og lasta med ertesuppe og ladd pistol vart det ein brudeferd som gjekk den i Hardanger ein høg gang. Nord-Europas mest berømte tåke er også ein attraksjon når ein berre ser godt nok etter. Og me møter vi moskusen på Dovre. Korleis kom dette utdøydde dyret til Noreg?

  • S03E05 Norsk attraksjon 5:8

    • February 4, 2012
    • NRK1

    Norsk attraksjon sprengjer alle grenser og dreg heilt plutseleg til Sverige! Eigentleg for å spara pengar, men så syner det seg sjølvsagt at Sverige er langt meir enn berre vårt nærmaste spareland. For fins det ei meir vanvittig løve enn den som står på Gripsholms slott utanfor Stockholm? Neppe! Norsk attraksjon hyllar vårt fantastiske naboland i aust. Heja Sverige!

  • S03E06 Norsk attraksjon 6:8

    • February 11, 2012
    • NRK1

    Linda Eide klatrar høgare enn ho vågar og søkk djupare enn ho vil når ei 350 år gammal kanonkule i ein kyrkjevegg krev tidenes rekonstruksjon. Det handlar om slaget på Bergens våg, ei historie som går Hollywood ein høg gang. Bonnie Tyler er vår største Noregsven, men kven var den fyrste? Norsk attraksjon dreg til Halden og finn svaret. Og i Bjørnevatn blir verdas mest ramponeringssikre buss-skur endeleg høgtideleg innvia.

  • S03E07 Norsk attraksjon 7:8

    • February 18, 2012
    • NRK1

    Linda Eide oppsøkjer denne gongen ein kjølebag som får fram det verste i folk, Noregs einaste kyrkjetårn på bakkenivå, ein historisk nordmann som ikkje ligg i grava si og ein tåkelur som kan sprengja trommehinner til himmels. Det heile blir toppa med ei nyvinnande framføring av Mellom bakkar og berg, arrangert for blokkfløyte og tåkelur.

  • S03E08 Norsk attraksjon 8:8

    • February 25, 2012
    • NRK1

    Linda Eide tek sin siste attraksjonstur i sin berømte grilldress. Og ho toppar heile ferda med ein hyllest til Ole Bulls aller dårlegaste idé, akkompagnert av ingen ringare enn sjølvaste superpianisten Leif Ove Andsnes. Saman tek dei sur musikk til nye høgder.

Additional Specials

  • SPECIAL 0x1 Påskedags superkavalkade 2008

    • NRK1

    Programinnhold: - Ofredalstunnelen - Tropp er topp for kropp - Fy-fy i bunad - Mitt liv som souvenir - Svelvikferga - De dødes tjern - Triumph-ferd - Fridtjof den frøkne - Gollis med oppfølgingstelefon - Attraksjonar som må opplevast - Sjit helvedes kåken - Medaljebygda - Norges våtaste plass

  • SPECIAL 0x2 Julekavalkade 2009

    • NRK1

    Det blir gjensyn med Linda Eide og ein heil del av dei ukjende attraksjonane frå haustens fjernsynssuksess. Men kva for ein attraksjon er sjåarane sin favoritt? Programleiar Linda Eide kårar ein vinnar i løpet av sendinga.